Dagbok

Asterix, Kerrs Pink og kålrot

No har vi 10 kg -sekkar med Asterix og Kerrs Pink klare for salg. Kr 6,- per kg.
Vi har også kålrot i fem eller 10 kg sekkar til kr 8,- per kg.
Kom og kjøp!
Om du skal ha store mengder set vi pris på at du ringer på førehand so vi får pakke dei klare til avtalt tid.

Måndag 12. september 2011 Poteter

No er det haust og potetene er på veg opp frå jorda. Tidlegsorten Aksel har vi allereie selt av ei stund og no er det snart tid for Asterix og Kerrs Pink og kome opp. Dei vil vere klare for sal i slutten av september. Medan du ventar er det berre å komme og kjøpe Aksel eller legge inn bestilling om du vil ha av dei andre sortane.

26. juli - jordbærsesongen i full gang!

Det tok tid, men no er endeleg jordbærsesongen i full gang! Trass i mykje regn er kvaliteten god, men vi håpar framleis på sol og varme både for bæra og for humøret si skuld!
No er kvaliteten på sitt beste so no er tida inne for sylting eller nedfrysing av vinterens dessert eller smoothie-ingrediensar!
Ring gjerne kvelden før eller tidleg på dag og bestill det du vil ha. Vi har ferdigrensa bær i femkilos bakkar eller bær med hams i korger eller brett. Kom og kjøp!

8. juli 2011 Pedikyr før ferien

Kyr er som damer flest og treng litt neglepleie før dei skal på ferie! Det ser ikkje so behageleg ut, men er fort overstått og gjer godt. No er dei klar for å komme ut og nyte 8 veker i Guds frie natur med komplett avslapning og fri tilgang til den beste maten! Kalvane og kvigene har alt vore ute eit par veker og ser ut til å nyte det!

Heime på garden er alt klart for jordbærsesong og vi ventar innrykk av jordbærplukkarane i helga. Då aukar folketalet i tunet med 43 personar so her blir det livleg dei neste 6 vekene! Dei første herlege raude jordbæra er allereie funne og fortært, og snart kan dokke også få nyte dei! Vi gledar oss!

PS: pga. jordbærsesong er hytta ikkje tilgjengeleg for leige før ca. midten av august. DS.

Fiskedagar 2011

No er fiskedagane for Myklebust og Bjørstad øvre og nedre sone lagt ut under fana laksefiske til venstre i menyen.
Hytta er ledig for leige heile neste veke inkl. helga og ligg rett ved elva!

Kurs i horsemanship med Nette Bådal 4.-5. juni

Korleis få eit godt forhold til hesten med gjensidig respekt og tillit, og ein hest som er lydig og trygg å handtere. Vi jobbar frå bakken for å få hesten mjuk, følsom og sjølvsikker.

Tid: laurdag 4. og søndag 5. juni kl. 10.00 - ca. 16.00. Meir nøyaktig timeplan blir satt opp når deltakarlista er klar.
Stad: Stall Bjørstad i  Valldal (ca. 6 km frå sentrum)

Bindande påmelding innan 28. mai på e-post (via konstaktsida) eller tlf: 97 12 97 98.

Kurset er ope for ALLE uansett hesterase, alder og kunnskapsnivå (hos både dyr og menneske).

Vi får først ei innføring i prinsipp og ting som alle har nytte av. Etterpå får deltakarane hjelp på det nivået ein er og jobbar med tema etter eige ønske.

Tema kan for eksempel vere:
- problem med transport, leiing, oppbinding, innfanging frå beite m.m
- Hestar som er redd ting t.d.plastposar, klippemaskiner, trafikk o.l.
- Hestar som er vanskelige å ri eller er ukonsentrert, usikre eller stressa
- Innridning eller innkøyring
- betre kommunikasjonen med hesten 

Kurshaldar Nette Bådal eig og driv Nordlys araber på Vikebukt. Ho tar imot hestar til temming og trening og har lang erfaring i bransjen. Les meir på heimesida hennar:
www.nordlysaraber.com

Pris deltakar med hest    kr 1 500,-
Pris tilskuar                   kr 850,-

Det er muligheiter for oppstalling av hest og overnatting i campinghytter på garden. Ta kontakt for info og pris. 

Velkommen!

 
 

Zephyr spelar til dans på Kulå Påskeaftan 23. april

Tradisjonen tru spelar Zephyr til dans på Kulå Påskeaftan. Her blir det god stemning og mykje kjentfolk! Vi sjåast der!

Gode vinterminner - men no ventar vi på våren!

No har vi kosa oss med ein lang, men veldig flott vinter.  Vi har hatt flott vèr, skikafè kvar torsdag, sledeturar, jul og anna kos, MEN no er vi klar for våren!
Potetene frå i fjor er nesten utselt, under snøen ligg graset og jordbærplantene klare til å skyte fart so fort varmen kjem, hestane feller pels og gler seg til beitesesong og små og store tobeinte gler oss til shorts, sykkel, lette sko og lange kveldar....kom vår, kom!

Velkomen til Nissefest i Gamleløa på Bjørstad

Laurdag 11. desember arrangerar vi Nissefest for alle i Gamleløa i Pegarden på Bjørstad! Nytt av året er at vi samarbeider med Valldal Bygdekvinnelag om arrangementet.
Tidspunkt: Laurdag 11. desember kl. 14.00 - 17.00
Pris: Kr 100,- per person (Born under 3 år gratis).
Inkludert i prisen er:
- Graut
- Tur med hest og slede
- Nissemarsj med fin medalje til alle
- Gåve frå nissen
- Kaffi og pepparkaker

Vi set fram graut til fjøsnissen og håpar at han kjem på besøk.
Gang rundt juletre og førjulshygge for små og store!

Kom og bli med!

Påmeldingsfristen er eigentleg ute, men vi har framleis plassar ledig!
Ta kontakt med Astrid tlf: 41 61 33 75 eller Kristin: 97 12 97 98



Ridebana

No er det lenge sidan vi har oppdatert sida vår, men det skjer stadig nye ting både her og der. Sidan sist er ridebana på Bjørstad endeleg ferdig med gjerde, lys og nytt dekke! Vi har fått prøve den både etter mykje nedbør og frost og den fungerar supert so langt! Det er skikkelig luksus å sleppe å ri ut langs asfalterte vegar i bekmørkret der bilar, hjortar og skumle plastposar lurer bak neste sving!

No ser vi fram til Nissefest i Gamleløa på Bjørstad 11. desember. I år skal vi samarbeide med Valldal Bygdekvinnelag og det skal bli kjekt! Meir informasjon kjem om nokre dagar...følg med! 

Torsdag 25. november

Ny hest på stallen - HURRA!
I dag har Sissel Skudal fått hesten sin og vi har fått ny leigebuar i stallen. Kjempekjekt med selskap og kjempefin hest! Stor stas. Velkommen!

Følskue i Ørsta 23.10.10

Bjørstads Tjalve vart vist på følskue i Ørsta. Han fekk karakterane 8-8-8-7-8 og blei nr. 2 i kvalitet. Det er vi veldig fornøgde med! Han er til sals dersom nokon er interesserte i å behalde han som hingst og vise han vidare! Ta kontakt om det fristar!

30. september 2010 Poteter

Alle potetene er komne i hus og vi sel rett frå kjellaren!
Vi har sortane Asterix, Red Star og Kerrs Pink. Dei er pakka i 10 kg sekkar og kostar 6 kr/kg, kr 60 per sekk. Kom og kjøp eller bestill per telefon!

Tvillingfødsel!

Dei første kalvane dette året blei eit tvillingpar! Dette er ikkje so vanleg og heller ikkje so ønskjeleg sidan kalvane mest sannsynleg blir sterile - men søte og fine er dei i alle fall!

Onsdag 22. september Ny traktor!

No har vi venta heilt sidan april so det var stor stas når den nye traktoren endeleg kom til gards! Den mannlege befolkninga på garden ( i alderen 0 - 65) gler seg spesilet mykje over dette

Søndag 12. september 2010 - No er det haust!

No er hausten her!
Dette er tida for mørke kveldar, bærplukking, safting, sylting, sopp i skogen, kald klar luft, fine fargar, kalvar i fjøset, potetopptaking og hjortejakt! Mykje å glede seg til og mykje glede seg over! Årstider er ein fin ting i grunn!
I dag har bølingen kome i hus igjen - alle kom heim fine, reine, blanke og friske
- klar til å produsere fine kalvar og god mjølk! 

Årets første nypoteter!

No har vi tatt opp tidlegpoteter og har femkilos sekkar til sal! Sorten heiter Aksel og vi har ikkje so store mengder av denne, men den som har lyst på noko godt til middag må berre kome og kjøpe!
Etter kvart vil vi ta opp Kerss Pink, Asterix og Red Star, men det blir etter slåtten...følg med her so får du beskjed når dei er klare.

Torsdag 12. august 2010

Siste innspurt
I desse dagar avrundar vi årets jordbærsesong. Halvparten av arbeidsstokken reiser heim til Polen i dag og resten reiser i løpet av helga. Vi skal plukka laurdag og eit par dagar tidleg neste veke, men den som enno ikkje har skaffa seg syltebær må hive seg rundt no!
Takk til den flotte gjengen som har gjort jordbæreventyret mulig i år også og god tur heim!

Torsdag 5. august 2010

No har vi august og det merkast at det ikkje er vår lengre. Det tar lengre tid for graset å vekse ut igjen der det er nedbeita, men dyra kosar seg på beite og nyt utelivet enno ei god stund.
Nypotetene er ferdige og kan snart haustast. Sorten heiter Aksel og so snart vi får dei opp av jorda er det berre kome og kjøpe! Følg med på sida so ser du når dei er klare!

søndag 31. juli 2010

Blåbær i (fryse)boks!
Sommaren hittil har vore prega av lite sommarkjensle...vi lengtar etter varme og sol! I mellomtida nyt vi små gleder, som å plukke blåbær til vinterens pannekakemiddagar. Jordbærsesongen går sin gang. Det blir ikkje noko toppår i år, men kvaliteten er god på den bæra vi får inn sjølv om vi hadde ønska oss fleire tonn.

Måndag 19. juli - no er sesongen i gang!

Endeleg er dei her, dei raude gode bæra som vi har venta på og arbeidd for i heile vår!
I dag var første plukkedag, men vi har solgt langs vegen i snart ei veke. I år har vi 41 plukkarar frå Polen til å hjelpe oss og vi kryssar fingrar for riktige mengder sol og regn medan vi et på oss bollekjakar og mageknip... Heldigvis er det sunnaste snopet som finns! Nam, nam, nam!

Bestill gjerne per telefon på nr: 40 21 45 99  eller 97 12 97 98 dagen før du skal ha bæra so er du sikra å få akkurat det du vil ha. Vi sel korger eller heile brett med hams for direkte konsum og færdigrensa bær i fem-kilos bakkar klar for sylting eller frysing.
Kom og kjøp!

Søndag 4. juli 2010

Håkon fyller 40 år i dag! Gratulere med dagen!

Laurdag 3. juli 2010 Høyet er i hus!

No er årets kanskje mest nervepirrande dagar endeleg over - og det gjekk bra denne gongen også! Førsteslåtten med silo er komen i hus og i dag fekk vi inn alt høyet også utan ein dråpe regn! No ligg det trygt på låven, ser fint ut og luktar herleg! Kristin smiler nesten heilt rundt og Håkon kan endeleg slappe litt av med ein ting mindre å tenke på. HURRA!

Velkomen til verda Martinus!!

Endeleg kom guten vår!
Måndag 14. juni fekk vi ein herlig liten gut som skal heite Martinus. Alt er bra med både liten og stor og det var godt å kome heim til Monsgarden med pappa og dei stolte storesøskena på torsdag. Vi er kjempeglade og takknemlige for å ha fått tre friske og gode ungar - so heldige vi er!!

Torsdag 10. juni 2010 Ferie i juni?!

Fiskeferie i Valldal?!
Hytta vår er ledig i heile juni og klar for innrykk! Kanskje det passar med ei ferieveke i Valldal og kva med med å kombinere med fiske i Valldøla?!
No er alle fiskedagar som vi disponerar på Myklebust, Bjørstad øvre, og Bjørstad nedre sone lagt ut under "laksefiske". Dei datoane som vi har både Myklebust og Bjørstad øvre har du muligheit til å leige begge sider og ha elva heilt for deg sjølv! Ring oss og avtal!

Torsdag 27. mai 2010 Flott hingsteføl!

Hurra!
I dag tidleg kom ein kjempefin liten hingst etter Høg Rossa og Sletnes Snerten! Rosa ordna alt sjølv og alt er bra med mor og barn. Den vesle tassen skal heite Bjørstads Tjalve etter den første hesten som Kristin fekk då ho var 12 år og som vi  har mange gode minner etter.
No har vi også lagt ut fiskedagane for sesongen i sone Myklebust. Les meir under "laksefiske" i menyen.

Fredag 21. mai 2010 Jordbæris

Deilig ny is på marknaden med rørte jordbær frå Valldal!
I dag har det vore lansering av ny Royal vaniljeis med rørte jordbær frå Valldal. Diplomis er enig med oss i Valldalen i at vi har verdas beste bær og no har dei laga ein eigen der all jordbæra kjem her frå dalen! Nydelig - løp og kjøp!!

Torsdag 20. mai 2010 Potetene i jorda

No er potetene komne i jorda og alt som trengs er passe mengder sol og regn. I år har vi også sett nokre mål poteter i Pegarden og det er mange år sidan sist! Blir spennande å sjå korleis avlinga blir!

Høg Rossa og Svartur er endeleg på plass i beitet på Myklebust og no ventar vi i spenning på følet som skal kome!

Laurdag 8. mai 2010 - våronna har byrja

Hurra!
No har vi endeleg, etter ein kald og treg vår, fått byrja so vidt på våronn her i Monsgarden. Håkon har sprøyta og polakkane har gjødsla jordbær i dag, so no er vi i gong!
I dag kom Irek og Mirka til Pegarden, so no er dei klare for sesongen der òg.

Fredag 7. mai 2010 - snart klar for beitesesong!

I dag har Jarek og Jola sett opp to kjempestore gjerde til hestane på Myklebust! Har tenkt at Odinn og Svartur skal få få i bratte bakkar med mindre mat so dei ikkje blir so feite, so får Rosa og Birk som treng masse mat gå i det flotte beitet vi får låne av Knut Ove. Tusen takk for at vi får bruke det!
Lukas skal i barnehage saman med andre unghingstar hos Silje i Tafjord.
No ventar vi berre på tannrasp, vaksiner og ormekur rett over helga og so kan utelivet starte. Både to- og firbeinte gler seg!!
Høg Rossa gler seg nok også til å følle...ho e diger, tung og ikkje i topphumør for tida ...høyres kjent ut...

Søndag 2. mai 2010 Vårteikn

Endeleg er det vår!
Sjølv om snøen enno ligg på fleire av åkrane og langt ned i fjellsidene, og andre vårteikn som påskeliljer og kvitveis glimrar med sitt fråver veit vi at no er det vår! Vi har nemleg fått eit anna sikkert vårteikn - Jarek og Jola er på plass frå Polen for å starte våronna! I tillegg har bjørka fått bittesmå museøyre, so no vågar vi å tru at våren kjem i år òg!

Fredag 24. April 2010 Ny kattunge

Seint i går kveld kom det ein ny innbyggjar på garden. Pusemor fekk ein nydeleg pusunge i korga på vaskerommet. Maja og Mons Håkon er stolte og ivrige barnevakter og vi vaksne er glade for at det berre blei ein denne gongen

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Solveig Linge Stakkestad | Svar 13.11.2011 13.35

Så kjekt å lese på heimesidene og alt som skjer! Mange finer bilete og gode skildringar!

Kristin 15.11.2011 23.10

Takk for fin kommentar!

Sissel | Svar 27.11.2010 07.50

Heisann! Gleder meg masse til å ha det gøy sammen med to- og fir-beinte i tiden fremover! Flott hjemmeside er her også, du er flink!

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

15.11 | 23:10

Takk for fin kommentar!

...
13.11 | 13:35

Så kjekt å lese på heimesidene og alt som skjer! Mange finer bilete og gode skildringar!

...
27.11 | 07:50

Heisann! Gleder meg masse til å ha det gøy sammen med to- og fir-beinte i tiden fremover! Flott hjemmeside er her også, du er flink!

...
04.09 | 15:44

Hei Kristin! Så koselig med web side,-flink du Håper dere har det bra alle mann. Sees plutselig!

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE